Heim Namnestatistikk For skulen Litteratur Lenker ☰

Norsk namnelag

Medlemskap

Ein vert medlem av Norsk namnelag ved å gå gjennom NOVUS forlag, sjå HER

Ein kan også teikna medlemskap ved å kontakta leiaren eller styremedlemene.

Medlemspengane er kr. 300 i året for personlege medlemer og 600 kr i året for institusjonsmedlemer. Tidsskriftet Namn og nemne er inkludert i medlemskapen. Sidan medlemspengane vert kravde inn gjennom utsendinga av tidsskriftet, kan dei koma på etterskot når tidsskriftet vert forseinka.

Adresseendring?

Vi oppmodar alle medlemer om å melda adresseendring i god tid til NOVUS forlag. Feil i adresseregisteret kostar både arbeid, tid og pengar!

Vi oppmodar alle medlemer som ikkje har gjort det før om å melda e-post-adresse til styret. Vi manglar framleis ein del.

Namn og nemne

Dersom du av ein eller annan grunn ikkje har motteke tidsskriftet, meld frå til NOVUS forlag.

Tidlegare årgangar

av Namn og nemne kan ein få kjøpt ved å vende seg til NOVUS forlag.

Vervebrosjyrar

Her kan du laste ned brosjyrar til medlemsverving. Du kan skrive ut brosjyrane kvar for seg, i nynorsk-, bokmålsutgåve eller samisk, og på bokmål og nynorsk på eitt ark tosidig. Du kan også skrive ut brosjyrane til bretting i kvar målform.

Brosjyrar i pdf-format

Format A-4 nynorsk

Format A-4 bokmål

Format A-4 samisk

Brosjyre til bretting, nynorsk

Brosjyre til bretting, bokmål

Oppdatert 25.mars 2026