Heim Namnestatistikk For skulen Litteratur Lenker

Norsk namnelag

Vedtekter for Norsk namnelag

Organisasjonsnummer 979686560

vedtekne på skipingsmøte 18. november 1983 og reviderte sist på landsmøtet 2024.

utskrift Utskriftsvennleg format

1. Føremål

Norsk namnelag (NNL) har til føremål å vekkje interesse for og styrkje kjennskapen til namn, namnebruk, namnevern og namnevitskap. Det gjeld stadnamn, personnamn, namn på husdyr osb., dvs. heile namneskatten i samfunnet, medrekna samiske, kvenske og skogfinske namn.

2. Verksemd

For å nå føremålet skal NNL

3. Medlemskap

Laget har berre individuelle medlemer. Organisasjonar og institusjonar vert rekna som einskildmedlemer. Alle vert medlemer av laget når dei tingar tidsskriftet Namn og nemne. Dei får òg meldingsbladet Nytt om namn fritt tilsendt.

4. Landsmøtet

Landsmøtet er høgste styresorgan i laget.

Landsmøte skal haldast annakvart år, eller når styret eller minst 1/10 av medlemene ynskjer det.

Styret kallar inn til landsmøte og avgjer kvar og når det skal haldast. Innkallinga skal kunngjerast i meldingsbladet og på nettstaden seinast to månader i førevegen.

Alle lagsmedlemer har rett til å kome med framlegg til landsmøtet eller sende inn framlegg til styret. Innsende framlegg må liggje føre seinast ein månad før landsmøtet.

Alle lagsmedlemene er røysteføre. Kvar medlem har ei røyst. Ingen kan røyste ved fullmakt.

Landsmøtet skal handsame desse sakene:

Lagsåret fylgjer kalenderåret, og alle val gjeld fram til neste landsmøte. Det er høve til attval. Same personen kan sitje som leiar i tre valbolkar etter kvarandre.

5. Styret

I styret sit leiar, nestleiar og fire styremedlemer. Styret står for lagsdrifta og skal setje ut i livet dei vedtaka som landsmøtet gjer, ta opp saker som det hastar med og ta avgjerder i aktuelle saker. Styret skal vidare ha ettersyn med økonomien og medlemskartoteket. Styret kan peike ut ei valnemnd som førebur valet og kjem med framlegg til landsmøtet.

For å vere vedtaksført må fire av medlemene vere til stades. Alle saker vert avgjorde med vanleg fleirtal. Er det same røystetal for to framlegg, har leiaren dobbel røyst.

Når det er ynskjeleg, bør redaktørane vere med på styremøta.

6. Vedtektsendringar

Framlegg til vedtektsendringar må sendast styret seinast to månader før landsmøtet. Styret handsamar framlegget og lagar innstilling til landsmøtet. Vedtak om vedtektsendringar krev to tredels fleirtal på landsmøtet.

7.Oppløysing

Spørsmål om oppløysing kan berre takast opp ved ordinært landsmøte. Vedtak om oppløysing krev to tredels fleirtal av dei røysteføre på landsmøtet. Dersom laget vert oppløyst, bør styret saman med representantar for Språksamlingane ved Universitetet i Bergen drøfte kva som kan gjerast.

Oppdatert 1.desember 2024