Tilbake

Vedtekter for Norsk namnelag

Organisasjonsnummer 979686560

utskrift Utskriftsvennleg format

Vedtekne på skipingsmøte 18. november 1983, med endringar vedtekne etter uravrøysting og godkjende av landsmøtet 22.11.1996. Sist endra på landsmøtet 2016.

1. Føremål

Norsk namnelag (NNL) har til føremål å vekkje interesse for og styrkje kjennskapen til namn, namnevitskap og namnevern. Det gjeld stadnamn, personnamn, namn på husdyr osb., dvs. heile namneskatten i samfunnet, medrekna samiske og finske (kvenske) namn.

Dette arbeidet skal gjerast såleis at det kan vere til gagn for folk og land i det heile og vitskap og kultur særskilt.

Laget skal vere bindelekk mellom alle som har interesse for namn og namnegransking, og det skal ta opp samarbeid med vitskaplege institusjonar og offentlege styresmakter.

Laget skal arbeide for å fremje allmenn kunnskap om og kjennskap til namn og namnegransking, drive kursverksemd og stø innsamlingsarbeid og utgjeving av skrifter og bøker som har med namnegransking å gjere.



2. Medlemskap

Laget har berre individuelle medlemer. Organisasjonar og institusjonar vert rekna som einskildmedlemer. Alle vert medlemer av laget når dei tingar tidsskriftet som laget gjev ut.

Alle lagslemer har rett til å kome med framlegg til styret. Styret legg dei sidan fram på landsmøtet.

Alle lagslemer er røysteføre. Kvar medlem har ei røyst. Ingen kan røyste ved fullmakt.

 

3. Landsmøtet

Landsmøtet er høgste styresmakt i laget.

Lagsåret følgjer kalenderåret.

Landsmøte skal haldast tredjekvart år eller når styret eller minst 50 lagslemer ynskjer det.

Styret avgjer kvar og når landsmøtet skal haldast.

Styret kallar inn til landsmøte. Innkallinga skal kunngjerast i meldingsbladet og på nettstaden minst ein månad i førevegen.
       
Saman med innkallinga skal følgje ettersedd rekneskap, melding om verksemda i laget og ei stutt oversyn over planar for den komande arbeidsbolken.

Styret kan peike ut ei valnemnd som førebur valet og kjem med framlegg til landsmøtet.

Landsmøtet vel leiar og nestleiar ved særskilt val. Dessutan vel landsmøtet ved særskilt val tre styremedlemer med personlege varamedlemer.

Landsmøtet vel og éin revisor.

Landsmøtet vel skriftstyrar/skriftstyre for tidsskriftet og for meldingsbladet og vedtek retningsliner for desse organa.

Alle val gjeld fram til neste landsmøte.

Det er høve til attval. Same personen kan sitje som leiar i 3 valbolkar etter kvarandre.

 

4. Styret

I styret sit leiar, nestleiar og tre styremedlemer. Styret vel seg imellom skrivar og rekneskapsførar.

Styret står for lagsdrifta. Det skal setje ut i livet dei vedtaka som landsmøtet gjer, ta opp saker som det hastar med, og ta avgjerder i aktuelle saker.

Styret skal ta seg av økonomi, føre medlemskartotek, delta i utgjevingsarbeid, kursverksemd og andre tiltak som er med og styrkjer og fremjar føremålet med laget.

Alle saker vert avgjorde ved vanleg fleirtal. Er det same røystetalet for to framlegg, har leiaren dobbel røyst.

Om leiaren og skrivaren skriv under saman, bind dei laget økonomisk.

Styret fører styrebok, brevbok og rekneskap og tek vare på arkivet.

 

5. Lagspengar

Landsmøtet avgjer kor mykje lagspengane skal vere, og kor stor del av dei som skal gå til tidsskriftet og meldingsbladet.

Den som har tinga tidsskriftet og såleis betalt medlemspengar, får i tillegg til tidsskriftet eit meldingsblad fritt tilsendt.

 

6. Tidsskrift og meldingsblad

Laget gjev ut eit tidsskrift og eit meldingsblad. Desse organa har eigne skriftstyrarar/ skriftstyre med redaksjonelt ansvar valde for 3 år om gongen. Skriftstyra kan attveljast.

Skriftstyrarane/skriftstyra bør vere til stades på landsmøta og på styremøte når det er ynskjeleg.


7. Lovbrigde

Framlegg til lovbrigde må sendast styret, som kunngjer det innan 6 månader på nettstaden og i meldingsbladet. Vedtak om lovbrigde krev to tredjedels fleirtal på landsmøtet.


8. Om laget vert lagt ned

Vert laget liggjande nede eller vert oppløyst, skal dei vitskaplege institusjonane kome saman og drøfte kva som kan gjerast.