Stadnamn

utskrift Utskriftsvennleg format

Stadnamn er namn på stader og objekt som representerer faste punkt eller område som vi kan orientera oss etter i eit geografisk rom. Stadnamna skil seg frå namn på objekt og skapningar som ikkje er faste punkt i eit geografisk rom, som t.d. namn på personar, familiar, dyr, bilar, båtar, tog, aviser, bøker, filmar, matvarer og kosmetikk .

Stadnamn deler vi i to hovudgrupper: naturnamn og kulturnamn. Naturnamn er namn på alle slags naturlokalitetar, dvs. lokalitetar som er forma av naturen, som t.d. fjell (Norefjell), åsar (Vangsåsen), haugar (Ullandhaug), berg (Fjellberg), elvar (Namsen), dalar (Meådalen), tre (Den gamle mester), vatn (Aursunden), fossar (Vettisfossen), juv (Trolljuvet), holer (Helvete), skogar (Finnskogane), tjørner (Stortjørn), myrar (Blåmyrane), innsjøar (Mjøsa), hav (Nordsjøen), fjordar (Varangerfjorden), øyar (Senja), nes (Byneset), steinar (Ringsteinen), ras (Storskrea) og isbrear (Svartisen).
Kulturnamn er namn på kulturelle objekt, dvs. lokalitetar som er forma av menneske, som t.d. gardar (Grefsen), husmannsplassar (Nåli), stølar (Prestholtseter), byar (Vadsø), åkrar (Gullåkeren), enger (Rylikkenga), slåttar (Engjatveit), bruer (Minnesundbrua), vegar (Drammensveien), hus (Staveloftet), forretningar (Steen & Strøm), gater (Dronningens gate), torg (Fisketorget), stasjonar (Hell), flyplassar (Rygge), oljeinstallasjonar (Gullfaks), grender (Beitostølen), hytter (Turnhytten), fylke, (Finnmark) kommunar (Fosnes), jernbanar (Nordlandsbanen), kaiar (Festningskaien), skular (Politiskolen), heisar (Ulriksbanen), alpinanlegg (Kvitfjell), hagar (Muséhagen), parkar (Vigelandsparken), idrettsanlegg (Frogner stadion), barnehagar (Tiriltoppen), kloster (Reinskloster), hotell (Hotell Norge), restaurantar (Palmehaven), kafear (Kafe Noreg), gatekjøkken (Brukiosken), apotek (Bien), museum (Folkemuséet), gjerde (Skigarden), murar (Gråsteinsmuren), handlesenter (City Nord) og tunnelar (Haverstingen).

Ofte deler vi stadnamna i primærnamn og sekundærnamn. Primærnamn er opphavlege namn, dvs. namn som er laga til natur- eller kulturobjekt, medan sekundærnamn er laga til andre namn.
Primærnamn er ofte namn på naturlokalitetar som t.d. Haug, Li, Ås, Dal, Berg, Vang og Hola.

Kulturnamn er ofte sekundærnamn som er laga til naturnamn, t.d. gardsnamn, som namna Bergen ('enga ved berget'), Aker ('åker'), Asker ('askar'), Røte ('trerotenga'), Hauge ('haug') og Nes ('nes'). Namnet Aker er eit sekundærnamn av di namnet opphavleg har vore namnet på ein åker. Seinare har namnet blitt overført til ein gard, som gardsnamn, og til slutt har det vorte namn på eit større adminstrativt område i Oslo.

Fleire av naturnamna høyrer til dei eldste namna våre, som t.d. fjordnamn, øynamn og elvenamn. Nokre av desse må vera frå før Kristi fødsel, altså 2–3000 år gamle. Slike gamle namn er t.d. øynamna Osterøy (gno. Óstr, kanskje 'den store' eller 'den høge'), Sotra (gno. Sótr, kanskje laga til suga, 'øya der det er sterk straum i sjøen') og Hitra (gno. Hitr, kanskje 'den splitta, den oppskorne', og elvenamna Verma (kanskje 'den varme, den isfrie'), Vorma (kanskje 'den varme, den isfrie') og Ogna (gno. Ógn, 'den skremande').
Andre naturnamn er derimot unge namn, som mange fjellnamn, t.d. Falketind, Store Skagastølstind, Galdhøpiggen, Fløyen og Gjendineggen.

Også mange av gardsnamna er svært gamle. Vi reknar med forskjellige grupper av gardsnamn etter kva for sistelekk som finst i ordet, om namnet endar på t.d. -vin, -heim, -stad(ir), -torp, -heim eller -tveit. Gardsnamn som endar på -vin og -heim kan gå heilt attende mot Kristi fødsel, som t.d. Æn (Ávin), Væte (Vátvin), Seim (Sæheimr), Gudum (Gu∂heimr) og Helgheim (Helgheimr).
Stadnamn vert skrivne etter fastsette reglar, den såkalla stadnamnlova. Denne lova seier m.a. at ein skal ta vare på 'nedervd uttale'. Ein skal difor t.d. skriva Algrøyna (ikkje Algerøy).

Skrivemåten til person- og slektsnamn er derimot ikkje regulert slik som skrivemåten til stadnamna. Difor kan ein skriva eit personnamn som både Tor og Thor, og eit slektsnamn som både Haug og Houg. Gardsnamnet har derimot forma Haug. Tilhøvet mellom gardsnamn og familienamn er ofte kjelde til strid. Vi har mange slike saker der eigarane ofte vil ha eit samvar mellom slektsnamnforma og gardsnamnform som er i strid med namnelova, som t.d. Feste (slektsnamn) og Festo (gardsnamn), og Ulveseth (familienamn) og Ulveset (gardsnamn).

Stadnamna kan fortelja om natur- og kulturhistoriske tilhøve langt attende i tida. Og dei kan fortelja om notida. Gardsnamnet Bryn, gno. Brúvin, fortel at det har vore ei bru på denne garden i mellomalderen – og endå lenger tilbake i tida. På slutten av 1800- og byrjinga av 1900-talet fekk vi mange 'romantiske' namn på t.d. lagshus, ungdomshus, hotell og kafear som skulle stø opp under den såkalla nasjonsbygginga, som t.d. Fensal (bustaden til den norrøne gudinna Frigg), Gimle (namn på eit land etter Ragnarok), Framheim (namnet på Roald Amundsen sin base i Antarktis), Breidablik (bustaden til den norrøne guden Balder), Kafé Norig og Hotell Hordaheimen. I nyare har mange butikkar, restaurantar og gatekjøkken fått anglo-amerikanske namn som t.d. Fashion, Fancy Shoes, Young Lady, Big Bite, China House og Hot Meal. Hotell Hordaheimen er no knytt til hotellkjeda Best Western. Alle desse døma fortel om både heimleg og framand namnemote og kulturpåverknad.

Stadnamna kan ha mange funksjonar. Ei viktig oppgåve er at vi skal kunna orientera oss i landskapet på grunnlag av dei. Dei har såleis vore, og er framleis, viktige for ferdsle og kommunikasjon i inn- og utmark. Dessutan kan dei vera viktige fordi dei fortel om lendetilhøve, om naturressursar, om dyre- og planteliv, om arbeidsliv, om administrative tilhøve og om allmenne samfunnstilhøve. Stadnamna har vore livsviktige i kvardag og fest i tusenvis av år, og dei er språklege uttrykk som fortel om mangslungne og velutvikla samfunn i fortid og notid.

©Gunnstein Akselberg