Hestenamn

Skriv ut Utskriftsversjon

Terminologi
Husdyrnamn, såleis òg hestenamn, fell inn i ei gruppe som har vorte kalla "øvrige namn”. Forsking på husdyrnamn vert elles omtala som terionymi, eller med den alternative termen zoonymi (av latin zoon (dyr)) som er mest brukt i slavisk litteratur.

Historisk utvikling
Frå bronsealderen av vart hesten eit stadig viktigare innslag i norsk landbruk, og i attande og nittande hundreåret auka hestetalet sterkt her til lands. Men sjølv om namneobjekta har hatt djupe historiske feste i både Noreg og Norden, har namnekulturar knytte til hest vore lite påakta i nordisk namnegransking. Dette heng saman med at eldre kjelder er svært fattige på hestenamn.

Hesteavl og stambokføring
Kjennskapen vi har til tidlegare namngjeving av norske hestar, er nær knytt til hesteavlen sine praktiske reiskapar, det vere seg stambøker, utstillingskatalogar og utstillingsreferat i eldre tidsskrift. Sjølvsagt kjenner vi somme hestenamn frå norrøn mytologi og sogelitteratur (t.d. Sleipner; Odin sin åttebeinte gangar, og Frøyfakse; hingsten til Ramnkjell Frøysgode.) Segner og folkeviser har òg bore meg seg eitt og anna namnet (t.d. Førnesbrunen og Grimsborken), men frå tida før stambokføring av hest vart sett i verk i Norden (siste helvta av 1800-talet), finst det generelt berre sporadiske og tilfeldige registrerte førekomstar av hestenamn. Unntaka gjeld for einskilde lister som omfattar hestar åtte i høgre sosiale samfunnslag. Den svenske namnegranskaren Hugo Karlsson har, med utgangspunkt i springrullar (bedekkingslister) frå kongelege svenske stutteri, publisert litteratur om dette. Skifteprotokollar, som er ei rik kjelde for m.a. norske kunamn frå 1700-talet, teier når det gjeld hestenamn. Her nemner som regel skrivarane hestane med kjønn, farge og alder, og let det vere med dét.

Enkle namn
Lokalhistorikaren Albert Joleik i Sunnfjord meiner at hestane i det førmoderne landbruket "greidde seg með [namn som] Svarten og Rauðemerra og Ungetobba og Gráfolen og Jel|kjinj ". Svensken  Nils Tiberg, som har skrive om husdyrnamn på Runö i Austersjøen, hevdar at "av gammalt tycks hästen - högst en pr hushåll - icke ha haft något egennamn." Mange norske, og serskilt vestnorske, gardar fødde ikkje meir enn éin hest i eldre tid. Det er naturleg å tenkje seg at appellativ (samnamn, ’fellesnavn’), eller kanskje rettare sagt ein mellomting av appellativ og proprium (særnamn, ’egennavn’), som til dømes merra, hesten, gjelken og folen, langt på veg kunne stette dei reint kognitive (som gjeld forståing) behova på tyngda av mindre gardsbruk.

Samansette namn
Var hestetalet høgre, kunne slike grunnord utmerkast med adjektiv, med resultat som t.d. gamlemerra og raudehesten. Eventuelt kunne ein nytte substantiverte adjektiv som rauden, brunen og svarten, og skulle hesten omtalast i ein namnebrukarkrins som var vidare enn gardsgrensene, tykkjest ofte gardsnamnet i komposisjon med eit substantivert adjektiv (som i Førnesbrunen og Hetlegråen) å ha tent som etikett. Det sentrale spørsmålet her er sjølvsagt kvar ein skal setje skilje mellom appellativ og proprium, og dette har vore diskutert av fleire forskarar.

Registrering
For hestenamn som for namn elles, er samanhengane mellom namnebrukarkrinsar og namnetypologi viktige å vere merksam på. Overgangen frå uorganisert til planmessig avlsarbeid utgjorde ein av mange endringar i utviklingsprosessen Inge Krokann omtalar som ”det store hamskiftet i bondesamfunnet.” Husdyrutstillingane, avlsleiinga sine handfaste reiskapar for utval av individ, skapte etter kvart behov for at alle avlsdyr fekk eigne, registrerte namn.

Hesteutstillingar
Dei fyrste hesteutstillingane starta ein ubroten tradisjon som etter kvart skulle få større og større oppslutnad i bygdene, og slik vart det naudsynt å individualisere dyra i ein ny samanheng. Den systematiske avlsstrukturen skulle gagne landbruket. Samstundes skulle både hestefolk og avlsleiing halde orden på strukturen. Før avlsorganiseringa sette preg på bondesamfunnet, kan det neppe ha funnest betydelege kommunikasjonskanalar som målbar hestenamna ut til større fora. No tok folk til å reise ut av garden, grenda og bygda på utstilling med hestane sine. Uavhengig av namngjevinga i tidlegare tid, må namngjevinga av hest såleis ha fått ei meir omfattande utbreiing i siste helvt av 1800-talet.

Offisielle namn
Namna skulle beint fram tene eit større føremål enn før, og det er nettopp desse offisielle namnekulturane vi har best kjennskap til når det gjeld norske hestenamn. Seinare har ulike motar prega den offisielle namngjevinga av hest. Den mest særmerkte og markante av desse, er bruken av det ein kan kalle patriotiske namn; eit straumdrag som lyt sjåast i samanheng med nasjonsbygginga sist på 1800-talet. Hestenamn som Hårfagre, Gange Rolv og Kong Sverre skaper assosiasjonar til ei historie som nordmenn flest var stolte av, men òg namn som t.d. Fram, Gjøa og Nansen, som lett kan knytast til samtidige store norske bragder, var mykje nytta. 
 
Oppkalling
Oppkalling har vorte eit svært vanleg namngjevingsprinsipp for hest. Ofte er slik oppkalling inspirert av stader dei namngjevne hestane har hatt tilknyting til, namn på hestane sine foreldre og/eller namn på personar som har ått hestane. Slik kan t.d. ei merr frå garden Berland ha fått namnet Berlandsblakka, og ein hingst frå Fossheim ha vorte heitande Foss. Ein son av hestane Torbjørn og Luma bar namnet Lutor, og hestane Dua og Spekulant fekk eit avkom registrert som Duellant. Vosse Lars var fødd hjå Lars Lirhus på Voss, og Reidmann hjå Reidar Andenes. Å kombinere dei nemnde ”oppkallingskjeldene” er ikkje uvanleg. Råprinsen var t.d. fødd i Rådal, under ei mor med namnet Prinsessa. Dragbu var ått på Drageset og hadde ein far som heitte Valebu. Alle dei nemnde døma er henta frå stamboka for fjordhest, men prinsippa er hyppig representerte i namngjeving av hestar av alle rasar i Noreg.
 
Hesterasar
I dagens Noreg har vi tre hesterasar som vert kalla særnorske. Dølehest, fjordhest og nordlandshest/lyngshest har mykje sams når det gjeld namnekultur, men rasane har ulike fargenyansar og avteikn, og desse skilnadene skaper ulike typar individkarakteriserande namn. T.d. er komposisjonar med -blakken som hovudledd typiske for fjordhest, medan ledd som -svarten, -rauden, -brunen o.l. er vanlegare for dølehest. Kvite avteikn (t.d. sokkar, bles og stjerne) er sjeldne og svært lite omtykte på fjordhest, og difor er namn med slike ledd tilsvarande uvanlege for denne rasen, medan dei er i nokså jamn bruk elles. I tillegg til norske hestar, finst det sjølvsagt ei rekkje hesterasar som har vorte innførte i relativt ny tid. Desse rasane har ofte teke med seg namnekulturar utanfrå, og vanlegvis regulerer Norsk Hestesenter og/eller dei einskilde raseorganisasjonane namngjevinga gjennom regelverk for stambokføring/registrering. Somme avlsorganisasjonar gjer registreringsarbeidet sjølve og er såleis uavhengige av Norsk Hestesenter. Dette gjeld dei ulike tråvarrasane, islandshest, shagya-arabar, fullblodsarabar, engelsk fullblod, ulike ponnirasar og lipizzanar. Norske frisar-hestar vert registrerte i Nederland. 

Krav til namn
Norsk Hestesenter set følgjande vilkår for registrering: "Hester innen samme rase kan ikke ha samme navn. Unntak kan gjøres hvis navnet som ønskes brukt kun finnes på hest(er) som er mer enn 20 år gamle. Navn på kårede hingster kan ikke benyttes om igjen. For rasene dølehest, fjordhest og nordlandshest/lyngshest settes det som hovedregel krav om at navnet er norsk og har norsk stavemåte. Hester som er blodtypet eller har vært på offisiell utstilling kan ikke endre navn. Hester som er utenlandsk registrert beholder sitt navn her i landet."

Registreringsreglementet er nokså omfattande og fastslår m.a. at namn på kjende personar ikkje kan nyttast utan samtykke. Det same gjeld reklamenamn og firmanamn, og "upassende" eller "støtende" namn vert konsekvent avviste. I tillegg til individnamnet, som ikkje kan ha meir enn 15 bokstavar, fordelt på eitt eller høgst to ord, kan hestane ha såkalla "oppdrettarnamn". Det er ikkje uvanleg at oppdrettarar og større stutteri vel eitt eller to namneord som dei nyttar som fast byggjestein i all namngjeving av eigne hestar. Stadnamn vert ofte nytta slik, og desse kan plasserast før eller etter sjølve individnamna (som t.d. i namna Myrstads Fabianne, Bø Rikka, Alsaker Eldmøy, Belinda fra Økland, Tuva fra Storløs o.l.) Oppdrettarnamna kan registrerast og reserverast (sjølvsagt mot avgift), slik at ingen andre enn ein viss stall eller ein viss oppdrettar kan nytte dei. Særreglar gjeld som sagt for fleire hesterasar, og dei respektive organisasjonane kan opplyse om desse. I avlsplanen for islandshest heiter det til dømes enkelt og greitt at "[h]estene skal ha islandske eller gode, norske navn." Gísli fra Lian, Sprækur fra Lian, Strokkur fra Kolbeingarden og Óðinn fra Schøning er alle namn på islandshingstar som vart synte på utstilling i Noreg i 2011.

Unike namn
Kravet om at kvart einskilt individ skal ha unike namn er sams for dei aller fleste rasestambøker. Tidlegare kunne same namn nyttast av fleire dyr samstundes, og særskilt var det vanleg å nytte identiske namn på hopper. Dette førte til at namngjevarane ofte valde namn frå ålment kjende ord. Personnamn var då svært vanlege innslag i hestenamnfloraen, aller mest for hopper. Slike namn vert framleis gjevne, men naturleg nok i mindre grad enn før. 

Meir særeigne namn
No pressar individualiseringskravet folk til å gje meir særeigne namn til hestane sine, noko som nok har medverka til at fleirordsnamn (med vanlege, velkjende namneord, men unike kombinasjonar) har vorte vanlegare. Som venteleg er, tykkjest namnedanning generelt å ha vorte langt vanlegare enn namneval. I tillegg til fleirords namnekombinasjonar, er det òg vanleg å gje hestane avleidde namn, og for hingstar har suffiksa -ar (som i Dragar) og -ing(en) (som i Greiing) vore relativt mykje nytta. Avleiing som prinsipp vert ofte kombinert med oppkallingsmotivasjon, ikkje minst i prestisjetunge avlsmiljø der det er viktig å relatere namneobjektet til t.d. god avstamming. I slike høve kan namn fungere promoterande for einskildindividet.    
 
 
Aktuell litteratur
Furnes, Steinar. 2008. Frå Kong Sverre til Prins Sleipner. – Offisiell namngjeving av norske
fjordhingstar fødde i tidsrommet 1875–1974. Namneval eller namnedanning? [Upublisert masteroppgåve] Bergen: Universitetet i Bergen.
—  2010. Vestlandshesten og norskdomsbølgja. Patriotiske namn borne av hingstar fødde i 
perioden 1875–1899. Fenomenet og bakgrunnsårsakene. NN 27-2010. 7–27. 
Karbø, Asbjørn og Kristoffer Kruken. 1995. Kva heitte hesten? – eit førebels oversyn
over norske hestenamn. NN 12-1995. 89–112.
Lyssand, Hans. 1952. Fjordhesten. Frå dei eldste tider og fram til det tjugande hundreåret.
Hordaland Landbruksmuseum. Årbok 1951–52. 61–147. Bergen. 
NN [årstal - nummer] = Namn og Nemne. Utgjeve av Norsk namnelag. Bergen.
Stemshaug, Ola. 1982a. Frå Førnesbrunen til Sheik Protector. Litt om namn på husdyra våre
før og no. Syn og Segn 1982. 161–167.

© Steinar Furnes

Aktuelle nettressursar:

Norsk hestesenter

Norsk islandshestforum

Det Norske Travselskap

Lenkjesamling på Norsk Hestesenter sin nettstad