Fornamn

utskrift Utskriftsvennleg format

Runeinnskrifter
Dei første fornamna møter vi alt i runeinnskrifter frå folkevandringstida (ca. 400-570 e.Kr.). Utvalet er lite, men namnetypane stemmer med den store mengda av nordiske namn som er overleverte frå vikingtida og mellomalderen, t.d. StainawarijaR og TaitR i eldre runeskrift mot Steinarr og Teitr i norrønt. Toledda og einledda namn har funnest side om side, og i tillegg har dei toledda tidleg utvikla eigne kortformer el. kjæleformer, t.d. Bjarne, Tora og Åsa av namn på Bjørn- (og -bjørn), Tor- og Ås-. Desse kortformene fekk etter kvart sjølvstendig status, og når vi kjem fram til mellomalderkjeldene med hundrevis av namn, framstår kortformene som ei talrik og livskraftig gruppe.

Fellesgermansk
Dei nordiske namna heng språkleg og historisk nært saman med germanske namn på kontinentet og i England. Ordstoffet er i stor grad det same. Det viser gjerne til makt og velde (vald, råd), mot (mod), kamp og strid (gunn, hild, leik), våpen (geir, brand, saks), hjelp og vern (berg, bjørg, gard, gjerd), dessutan dyr (bjørn, ulv, jo ’hest’), gudar (Tor, Frøy), mytologi (alv, gud, ragn, ås), folkestammar (finn, gaut), venleik (frid), og i tillegg ein god del allmenne ord (hall, stein, holm, rann ’hus’, sal/sol). Dei fleste ledda kunne vera både forledd og etterledd, t.d. Hildegunn og Gunnhild, Alvgeir og Geiralv. Men utbreidde ledd som Ås- og Tor- var berre forledd, og dei hadde da same form i mannsnamn og kvinnenamn. Etterledda hadde derimot ulike former i manns- og kvinnenamn alt etter typar og bøying i hankjønns- og hokjønnsorda, t.d. -bjørn og -gard i mannsnamn, men -bera og -gjerd i kvinnenamn. Det vanlege leddet -frid ’vakker’ finst berre i kvinnenamn. Namna på Tor- er ei særeigen nordisk gruppe. Dei hadde alt i vikingtida vorte den klårt største einskildgruppa av nordiske namn. Namna på Ås- er òg mykje vanlegare i Norden enn på andre germanske område.

Leddvariasjon
Mange norrøne namn var laga gjennom leddvariasjon, dvs. at ein tok ledd frå kjende namn, helst etter foreldre eller andre nære slektningar, og sette dei saman på ein ny måte. Personsambandet var viktigare enn det språklege innhaldet. Dermed kunne det oppstå samansetningar som Hallstein ’(flat) stein’ + ’stein’ og Gunnhild ’strid’ + ’strid(smøy)’, der det neppe ligg noka heilsleg tyding i namna. Namnelaging ved variasjon heldt seg vikingtida ut, men frå 1000-talet vart det i staden vanleg å kalle opp med namnet i uendra form. Det stengde for vidare nylaging på heimleg grunn. Nytt tilfang av nordisk rot kunne da berre koma inn ved at tilnamn gjekk over til fornamn, slik tilfellet var med t.d. Skjalg, Snorre og Sverre. Ein slik namnevokster har truleg foregått frå dei eldste tider, og den kan òg ha vore ei drivkraft bak allmenne namn og namneledd som bjørn, ulv, geir og brand. Men langt viktigare enn tilnamna var innlån av namn frå andre språk og kulturar.

Kristne namn
Den desidert største tilvoksteren av namn i mellomalderen kom gjennom kristendommen. Her fanst det eit veletablert tilfang av bibelske namn og helgennamn som hadde slått rot i land etter land parallelt med at kristendommen breidde seg nordover i Europa. Namna Jon, Cecilia, Nils (Nikolas) og Margreta kom inn alt på 1000-talet, og frå ca. 1100 og framover finn vi namn som Anders, Pål, Peter, Klement, Lavrants og Kristin. Frå ca. 1350 til ca. 1450 var Jon det vanlegast mannsnamnet i landet. Seinare kom det nordiske Olav på topp, men talande nok hadde det òg helgengrunnlaget å takke for framgangen. Kyrkjenamna var langt færre enn dei nordiske, neppe meir enn ein tiandepart, men dei fekk kvar for seg så stor utbreiing at dei frå seinmellomalderen til i dag har utgjort ein berebjelke i vår namneskatt – knapt nok dei nordiske har same tyngd i eit tusenårsperspektiv. Dei kristne kvinnenamna hang lenge noko etter mannsnamna. Margreta vart rett nok allment på 1300-talet og Birgitta på 1400-talet, men kjernenamn som Anna (Ane, Anne), Maria (Mari), Kari, Eli og Kirsti slo ikkje for alvor igjennom før utpå 1500-talet. Men da det først skjedde, vart framgangen så sterk at gruppa nådde høgre i kvinnenamna enn i mannsnamna.

Norske former
Lånenamna fekk tidleg norske eller nordiske former, slik at Kari og Per snart kjendest like heimlege som Ola og Guri. Men lånenamna fekk òg nye tilsig gjennom skriftkulturen og kyrkjespråket. Desse skriftbaserte formene hadde som regel rot i latin, som både var grunnspråk og lærdomsmarkør for dei skrivande klassar. Det gjorde at t.d. Johannes, Petrus, Dorothea og Anna kom i fornya bruk ved sida av Jon, Per, Dorte og Ane. Etter reformasjonen vart både nordiske og framande namn stort sett skrivne på dansk, t.d. Oluf og Ole for Ola(v), Peder for Pe(r), Karen for Kari og Kirsten for Kjersti og Kirsti.

Lån frå tysk
I seinmellomalderen fekk vi mange namn frå tysk, stundom etter ein mellomstasjon i Danmark. Somme var tyske former av gamle kyrkjelege namn, t.d. Hans og Grete, men dei fleste var av tysk opphav, t.d. Engelbrekt, Henrik, Herman, Ludvig, Gjertrud, Mathilde og Valborg. Dei tyske namna forsterka seg i etterreformatorisk tid og fekk eit nytt oppsving på 1800-talet. I denne fasen kom òg nyare lån som Bernhard, Konrad og Ulrik, og Anton i tysk form, i aukande bruk. Eit særtrekk ved tyske namn er suffikset -ke. I mellomalderen var det stort sett nytta i mannsnamn, t.d. Lydike og Hennike, men desse namna gjekk seinare i dvale og kvinnenamna på -ke overtok, t.d. Helke, Gjeske, Marike, Nilske og Sarke. Snunaden må ha skjedd før midten av 1600-talet.

Færre nordiske namn
Framgangen for kyrkjelege namn medførte eit tilsvarande tap for dei nordiske namna. Utviklinga varte ved til midten av 1800-talet. Men det var stor geografisk variasjon. Dei nordiske namna heldt seg best i innlandsbygdene i Sør-Noreg, og tapte seg mest i byar og kyststrok, særleg frå Mørekysten og nordover, medrekna heile Nord-Noreg.

Nye avleiingsledd
Ein annan tendens i denne tidbolken er aukande bruk av avleiing, t.d. -ine, -ette, -ikke, -ia og ‑a i kvinnenamn og -us, -ius og -inus i mannsnamn. Avleiingstypane etablerte seg gjennom fullferdige lån, men kunne etter kvart òg knytast til heimlege namn av begge kjønn, t.d. Oline, Randine, Olette, Iverikke, Olavus, Olavius og Randinus. På denne måten vart det skapt ei mengd nye namn. Særleg var kvinnenamna produktive og vart no meir mangmente enn mannsnamna. Før hadde det vore omvendt.

Oppkalling
Oppkallingsskikken heldt bra stand, men tillet mykje variasjon i formvalet. Ein kunne t.d. kalle opp kvinne etter mann og mann etter kvinne gjennom avleiing, t.d. Nilsine, Oline, Petrikke og Oskara etter Nils, Ole, Peter og Oskar, og Hildus, Olinus og Karenius etter Hilda (og -hild), Oline og Karen. Skikken hadde sterke røter i 1700-talet og nådde høgda av skapingsevne fram mot midten av 1800-talet.

Namnerenessansen
Men det som prega namneutviklinga aller sterkast frå 1850-60-åra, var den nordiske namnerenessansen. Gjennom historieverk – særleg omsetjingane av Snorre og islendingesogene – og skjønnlitteratur kom dei nordiske namna fram i lyset att, og dei henta mykje prestisje frå den nasjonsbyggjande ideologien som rådde i tida. Ivar Aasen og P.A. Munch leverte både utførlege namnelister og sterke argument for å ta dei nordiske namna i bruk. Bjørnson og Ibsen levandegjorde mange namn i diktinga si. Tidlegare på 1800-talet hadde dessutan danskane Oehlenschläger og Grundtvig bana veg for mange norrøne namn. Oftast fekk namna ei historisk-litterær form som meir eller mindre slo ut dialektformene og danskprega skriftformer, t.d. Sigurd for Sjur og Sjul, Olaf for Ole, Thora og Helga for Tore, Helle og Helge (kvinnenamn!), Håkon for Haagen, og Gunnar for Gunder. Desse namna hadde vore i samanhengande bruk frå mellomalderen, men det kom òg opp namn som ikkje hadde nokon tradisjon i Noreg, t.d. Fridtjov og Snorre.

Ny leddvariasjon
Den store interessa for norrøne namn gav nytt liv til den gamle variasjonsteknikken. Det resulterte i nylaga namn som Annvor, Fridgeir, Fridlaug, Hildor, Hildora, Magnolf, Norolf, Oddveig og Solfrid. Ledda Frid-, -dor, -dora og -olf var av dei mest produktive. Lånenamn som Jon og Per vart òg kopla inn, med nye namn som Jonfred, Jonhild, Perdis, Perlaug og Perny. Ei mellomstilling hadde det norrøne -ar. Det var opphavleg eit variasjonsledd, men med forbilde i seine norrøne namn kom det no i bruk som suffiks. Vi fekk avleiingar som Audar, Ingar, Jonar, Magnar, Oddar og Signar. Dei framande suffiksa dabba av etter kvart som heimlege teknikkar vann fram. Det er m.a. rimeleg å sjå -ar som avløysar for -us og ‑inus. Likeins fekk endinga -a i kvinnenamn no meir næring frå norrønt enn frå latin. Det gamle Azora (1810) var nok mest inspirert av det latinske -a, men yngre namn som Auda, Einara, Ivara, Ova og Yngva byggjer i større grad på norrøne mønster.

Namnerikdom
Denne revitaliseringa og nyskapinga av namn saman med ein veksande straum av lånenamn gav landet ein namnerikdom som aldri før, og knapt nok seinare, iallfall om vi held innvandrarnamna unna. Tradisjonane losna, impulsane trengde på og skapingsevna blømde. Og i tillegg: Det fanst inga namnelov som kunne bremse på utfaldinga.

Framgang for nordiske namn
Dei nordiske namna styrkte stillinga fram til midten av 1900-talet, med tilsvarande nedgang for dei fleste andre grupper, særleg dei kyrkjelege namna. Den einaste framande gruppa av noka vekt var eit knippe – til dels populære – engelske namn i mellomkrigstida, t.d. Harry, Henry, Johnny, Anny og Mary.  Utviklinga på 1900-talet favoriserte òg korte namn, sidan nordiske namn oftast har berre ei eller to stavingar, sjeldan tre. Det same gjeld heimlege former av kyrkjelege namn og dei nye engelske namna. I tidsperioden 1945-49 er ni av dei tolv fremste mannsnamna nordiske, og seks av dei tolv fremste kvinnenamna. Resten er kyrkjelege namn i tilpassa form, med Anne og Jan som det suverene leiarpar. Tala viser at den nordiske namnerenessansen slo sterkare ut blant menn enn blant kvinner. Tendensen festna seg alt i den første fasen på 1850-60-talet. Det er eit paradoks, for i alle andre samanhengar har kvinnenamna vore meir motestyrte og har endra seg raskare enn mannsnamna. Først etter ca. 1980 ser vi teikn til at mannsnamna nærmar seg kvinnenamna i endringstakt. Men sams for kjønna er at namnebruken skifter dobbelt så fort ved år 2000 som ved år 1900.

Internasjonalisering
Dei siste tiåra er elles prega av internasjonalisering og mangfald. Dei nordiske namna er med, til dels med nye innslag som Ask, Embla, Tjalve og Tind, men som gruppe står dei langt veikare enn før. Først kom det ein flokk av lange, internasjonale namn, t.d. Kristian, Marius, Andreas, Kristoffer og Aleksander blant gutane, og Monica, Marianne, Katrine, Kristine og Elisabet blant jentene. Somme av dei hadde òg ei viss støtte i eldre norsk namnebruk og utgjer i så måte ei slags hundreårsbølgje i den heimlege tradisjonen. Desse lange namna fyller topplistene i 1980-åra. Skrivemåten svarar ofte til dei engelske formene. Det er eit ekko av den sterke engelsk-amerikanske påverknaden som vi har hatt i etterkrigstida, og som heilt har overskygga det noko diffuse ”oldemors”-aspektet på eigen grunn. Det same gjeld former av bibelske namn som Noah, Hannah og Leah, der det engelske grunnlaget er innlysande.

Medienamn
Attåt tilveksten frå engelsk-amerikansk  har vi fått ein del iaugefallande namn frå svensk, t.d. Ida, Emil, Malin, Birk og Ronja. Alle desse kjem frå Astrid Lindgrens (filmatiserte) bøker og er gode døme på at litteratur og film kan skape ny namnebruk, likeins som idrett, musikk og andre medieovringar stundom har hjelpt eit namn fram. Namna Hallgeir og Gjermund har såleis mykje å takke langrennsstjernene Hallgeir Brenden og Gjermund Eggen for. Men kjendisfaktoren må ikkje overdrivast. Det finst nok av døme på at store stjerner ikkje set det minste spor i namneskikken, eller til og med at namna går ned medan stjernene er på topp.

Bibelske namn
På 2000-talet har likskapen med svensk namneskikk vorte enda tydelegare, særleg i mannsnamna. Fellestilfanget er oftast bibelske namn, t.d. Daniel, Elias, Jonas, Lukas og Markus, men nokon direkte Bibel-inspirasjon er det neppe snakk om. Det kan vi m.a. slutte av skrivemåtane, som ikkje stemmer med nyare bibelmål i dei tilfella der formene i Bibelen er endra, t.d. frå Elias og Jonas (fram til 1930) til Elia og Jona (etter 1975). Statistikken for 2006 har ingen nordiske mannsnamn mellom dei tolv fremste, og berre eitt kvinnenamn (Ingrid). Kvinnenamna har gjennomgåande vorte kortare enn for 20-30 år sidan. Mellom dei åtte fremste er det sju tostavingsnamn og eitt trestavingsnamn. På gutesida har derimot tre- og firestavingsnamna halde stand sidan 1980-åra og jamvel forsterka seg litt. Det er atter ein tendens på tvers av eldre tiders namnebruk. Topplistene i 2006 er slik: Jonas, Mathias, Aleksander, Andreas, Elias, Kristian, Sebastian, Markus, Sander, Tobias, Martin og Henrik, og for jenter Thea, Emma, Sara, Julie, Ida, Hanna, Nora, Ingrid, Emilie, Amalie, Maria og Malin. Førstenamna Jonas og Thea dekkjer 1.8 og 1.7 prosent av årskullet. Det inneber ei merkbar utflating sidan 1950-åra. Årsaka ligg nok til ein viss grad i større mangfald og raskare utskifting enn før.

Namnelova
Namnelova frå 2003 har to restriksjonar på val av fornamn, 1) namnet må ikkje vera eit opphavleg etternamn eller mellomnamn (§ 8), og 2) namnet må ikkje bli til vesentleg ulempe for den som skal ha det (§ 10). Desse punkta har med varierande ordlyd gått igjen i namnelovene sidan den første lova kom i 1923. Tidlegare vart grensene vakta temmeleg strengt, stundom i overkant og utan språkleg skjønn. No er situasjonen i staden ei grenselaus liberalisering som nærmast gjer lova til latter og øydelegg den styrande kraft ho burde ha. Men statistikken syner heldigvis at dei fleste vel klokt og kreativt på tradisjonell grunn – akkurat som før.

© Kristoffer Kruken