Namnemotar

 

utskrift Utskriftsvennleg format

Når begynte vi å få namnemotar i Noreg? Innføringa av kristendommen førte til store endringar i namnetilfanget i Noreg. Såleis fekk vi kristne namn som Maria, Cecilia, Jakob og Peter til Norden, jf. t.d. Maria Haraldsdotter, Cecilia Gyrdsdotter, Jakob Olavsson og Peter Byrdesvein (alle nemnt i Snorre). Men representerer dei kristne namna ein namnemote? Eg vil seia nei. Da folk tok i bruk dei kristne namna for mange hundre år sidan, hang dette saman med ei djupare endring i samfunnet – overgangen frå den gamle gudetrua til kristendommen. Sjølve moteomgrepet går ikkje på slike djuptgripande endringar, men meir på "krusningar på overflata", t.d. hårmotar til ulike tider.

Dette systemet er eldgammalt. Olav Tryggvason (ca. år 1000) hadde ikkje noko etternamn, men het Olav og var sonen til Tryggve Olavsson. Olav Kyrre som var konge 1067-1093, het også berre Olav, men fekk tilnamnet kyrr ’roleg’, altså Olav den rolege. Same typen namn bar Olav Haraldsson med tilnamnet ’den heilage’, som han er mest kjend for. Tilsvarande for kvinner er Ragnhild Magnusdotter og Åsa den lyse. Tryggvason og Haraldsson frå 1000-talet og dei nyare Andersen og Knutsen frå 1800-talet kallar me farsnamn eller patronym med eit fagord. Men då samfunnet endra seg dramatisk på slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet, vart systemet med farsnamn upraktisk, og i 1923 vedtok Stortinget derfor ei lov om personnamn som kravde at alle nordmenn skulle ha faste etternamn eller slektsnamn. Lova kom likevel såpass seint at dei aller fleste nordmenn på den tida hadde lagt seg til faste etternamn.

Dobbeltnamn
Det er fyrst når vi kjem ut på 1700-talet, at vi kan tala om namnemotar i Noreg. Frå utlandet fekk vi da inn fleirnamnsmoten, t.d. Hanna Petrina og Maria Georgina. Ja, somme foreldre pryda barna sine med enda fleire fornamn, t.d. Gerhard Wilhelm Christopher og Helena Margretha Nicolina Antonetta. I folketeljinga av 1801 er det 8,0 % av kvinnene og 3,4 % av mennene som har minst to fornamn. Her ser vi forresten eit allment trekk ved namnemotar: Ein ny mote gjer mest utslag i kvinnenamna. Seinare har det jamna seg meir ut for dobbeltnamna, og på 1900-talet er det mindre forskjell mellom kjønna i dobbeltnamnbruken.

Det var fyrst og fremst tyskarar som introduserte fleirnamnsmoten i Noreg, men ettersom denne moten hadde fått tidlegare fotfeste i Danmark enn i Noreg, var det også ein del embetsmannsfamiliar frå Danmark som bidrog til at moten spreidde seg i Noreg. Det var særleg overklassa, t.d. prestar og offiserar, som tok i bruk fleirnamnsmoten, og dette er eit vanleg sosialt mønster når ein namnemote spreier seg: Han begynner i overklassa og spreier seg etter kvart til lågare sosiale lag.

Kvinnenamn laga av mannsnamn
Ovafor har eg nemnt Helena Margretha Nicolina Antonetta som eit døme på fleirnamnsmoten. Samtidig representerer denne kvinna også ein annan namnemote på 1700-talet: kvinnenamn på -ina/-ine og -etta/-ette – jf. Nicolina Antonetta. Denne namnemoten slår ut i full blom på 1800-talet, men det er spor av denne moten alt på 1600-talet. Såleis er det ei dansk prinsesse som i 1650 får namnet Wilhelmine Ernestine. Det vi ser her, er at jenter blir oppkalla etter mannlege slektningar, t.d. Wilhelm. Dette er noko nytt på denne tida, for før vart jentene oppkalla etter andre kvinner. Etter kvart er det fleire suffiks (endingar) som blir tekne i bruk, og på 1800-talet er desse blant dei vanlegaste:

-e/-a                            Anton-e, Anton-a
-ine/-ina                       Jens-ine, Jens-ina
-ette/-etta                    Jon-ette, Jon-etta
-y                                Jens-y

Dette oppkallingssystemet kom eigentleg frå katolske land, der det var vanleg å bruke bl.a. suffikset -a på jenter som var "oppkalla" etter ein helgen, t.d. Stefana etter St. Stefan. I Norden utvida ein dette systemet slik at også andre namn enn helgennamn kunne inngå i slike namn, t.d. Ingvarda og Arvida. Det mest brukte suffikset på 1800-talet var -ine, og da var slike -ine-namn særleg brukt som det andre namnet, t.d. Anne Wilhelmine. Av dei som hadde eit dobbeltnamn i Nord-Noreg i perioden 1865–1900, var det heile 29 % som bar eit -ine-namn som det andre namnet.

På 1800-talet var det altså mote å kalle opp jenter over kjønnsskiljet, t.d. Antona etter farfar Anton. Korleis var det så den motsette vegen – å kalle opp gutar etter kvinnelege slektningar? Nei, det førekom nesten ikkje, t.d. Cathrinus etter Cathrine og Gurin etter Gurine (jf. Kjell Aukrusts "Gurin med reverompa"). Det var altså mykje gjævare å bli oppkalla etter ein mannleg enn etter ein kvinneleg slektning. I dag – med auka likestilling – vil ein sjå på dette som kjønnsdiskriminering.

Den nordiske namnerenessansen
Frå omtrent 1860 kom det ein ny namnemote, den nordiske namnerenessansen. Inspirert av nasjonalromantikken tok da nordmenn i bruk namn frå sagatida, t.d. Hjørdis, Dagny, Gudrun, Gunnar, Sigurd og Sverre. Slike namn fann foreldra i Snorre og annan sagalitteratur. Dette var bl.a. namn som hadde legi i dvale i mange hundre år, og som nå vart gjenfødd (jf. renessanse). Også denne namnemoten fekk fyrst innpass i overklassa, men mot slutten av 1800-talet var ein del av desse namna, t.d. Hjørdis og Dagny, mest brukt i lågare sosiale lag i dei store byane. Her kan vi observere ein "namnedynamikk" i klassesamfunnet på 1800-talet: Etter kvart som overklassa oppdaga at fornamna "deira" var tekne i bruk i lågare sosiale lag, måtte dei finne nye namn til barna sine for å halde på avstanden til lågare sosiale lag.

Dei nordiske namna vart enda meir populære utover på 1900-talet. Av dei gutane som var fødd i 1900, var det litt over 30 % som fekk nordiske namn. Utover på 1900-talet gjekk det oppover med dei nordiske namna til toppen vart nådd i 1950-åra. Da var det litt over 60 % av gutane som fekk nordiske namn. Deretter gjekk det nedoverbakke, og i år 2000 var det berre 16 % av gutane som fekk slike namn. Like før hadde forresten den nedgåande kurva for dei nordiske gutenamna kryssa den oppstigande kurva for dei bibelske gutenamna.

Moten med nordiske namn kan illustrerast med denne tabellen som viser dei 20 mest vanlege gutenamna i Noreg i perioden 1950–54.

Tabell 1. Dei 20 mest vanlege gutenamna i perioden 1950-54
1 Jan 11 Gunnar
2 Arne 12 T(h)or
3 Per 13 Knut
4 Bjørn 14 Ole
5 Erik/Eric 15 Helge
6 Kjell 16 Magne
7 Svein 17 Odd
8 Jo(h)n 18 Harald
9 Terje 19 T(h)ore
10 Olav 20 Johan(n)

Blant desse 20 gutenamna er det heile 16 nordiske namn. I tillegg kjem desse to namna som også kan karakteriserast som nordiske i og med at dei har fått ei lydleg justering på nordisk grunn av innlånte namn: Per (av Peter) og Jon (av Johannes). Dei einaste namna som kan sjåast på som utanlandske, er Jan og Johan.

Namn frå Bibelen populære på 2000-talet
Moten med bibelske namn begynte i 1970-åra. Da fekk omtrent 5 % av gutane eit slikt namn. Denne moten slo mykje kraftigare ut for gutenamna enn jentenamna. I 2006 var omtrent halvparten av dei mest populære gutenamna bibelske. Av dei 14 mest brukte gutenamna var det såleis sju bibelske namn (her med rangnummer i parentes): Jonas (1), Mat(h)ias (2), Andreas (4), Elias (5), Markus/Marcus (8), Tobias (10), Lukas (14). I tillegg kan vi ta med desse tre kyrkjelege namna blant dei 14 mest vanlege: Kristian/Christian (6), Sebastian (7), Martin (11). Nokre av desse namna var så å seia ikkje brukt på 1800-talet. Såleis var det berre tre menn som hadde helgennamnet Sebastian i folketeljinga av 1900, og ein av dei var typisk nok ein sokneprest. Framleis er det mange bibelske gutenamn blant dei vanlegaste namna. Dette kjem fram i tabell 2 som viser dei 20 mest brukte gutenamna i 2020. Her finn vi desse 10 bibelske namna: Jakob, Noah, Filip, Lukas, Elias, Kasper, Johannes, Isak, Matias, Tobias.

Tabell 2, som er tatt frå Statistisk sentralbyrå, baserer seg på talopplysningar for namna brukt som det einaste fornamnet (Elias) eller det fyrste av fleire (Emil Andreas). Tabell 1 derimot (frå leksikonet ”10 001 navn” av G. Alhaug) inkluderer også namn i 2. posisjon (Kjell Magne).

Tabell 2. Dei 20 mest vanlege gutenamna i 2020
1 Jakob/Jacob 11 Aksel/Axel
2 Emil 12 T(h)eador
3 Noa(h) 13 Elias
4 Oliver 14 Kasper/Casper
5 Filip/Philip ofl. 15 Magnus
6 William 16 Johannes
7 Lukas/Lucas 17 Isak/Isac
8 Liam 18 Mat(h)ias
9 Henrik 19 Tobias
10 Oskar/Oscar 20 Olav

 

Korleis kan vi forklare populariteten for dei bibelske namna? Kyrkjene er ikkje akkurat stappfulle under gudstenesta i dag, og det må vera andre grunnar enn religiøse til at desse namna har vorti så populære. Det er ikkje berre i Noreg, men også i mange andre land i Europa at dei bibelske mannsnamna toppar namnelistene i dag. Ei mogleg forklaring på populariteten kan vera at ein del av desse namna fyrst vart populære i USA, særleg i det såkalla bibelbeltet i det søraustlege USA. Ettersom religionen speler ei viktig rolle i dette området, er det rimeleg at det her er kristendommen som ligg til grunn for populariteten for dei bibelske namna. I seinare tid har Europa teki imot sterke kulturimpulsar frå USA (film, pop­musikk osv.), og det er naturleg at vi også har vori mottakelege for namneimpulsar derifrå. Men når foreldre i Europa har gitt barna sine bibelske namn, har dei ofte ikkje assosiert dei med Bibelen, men heller omtolka dei som internasjonale namn. Det er nok på den bakgrunnen vi kan forklare internasjonal stavemåte i nokre av dei bibelske namna – både gutenamna og jentenamna, t.d. Marcus, Lucas, Noah, Sarah og Leah. Om norske foreldre hadde funni dei i Bibelen, ville dei nok ha skrivi dei slik dei er stava der, t.d. Markus, Lukas, Sara og Lea.

Det er elles interessant å samanlikne tabell 1 og 2. Mens det er klart flest nordiske namn i tabell 1, er det dei bibelske namna som dominerer i tabell 2. Det er berre eitt namn som er felles for dei to tabellane, det nordiske Olav.

Korte namn
Ein strukturtype som vart særleg vanleg i mannsnamn, var einstava namn, t.d. Fred, Jan, Kai, Kjell, Svein, Ulf, Dan, Glenn, Jim, Jo, Jørn, Ken, Kim, Pål, Stig, Tom, Trond. Dei fleste av desse begynner å gjera seg gjeldande i mellomkrigstida og når ein topp midt på 1900-talet. Også einstava kvinnenamn har blomstringstida si i denne perioden, t.d. Aud, Bjørg, Brit, Liss, Unn, Ann, Gro, Gry, Gunn, Siv. Desse namna er både nordiske og utanlandske, t.d. Kjell, Svein, Ulf, Stig, Trond – Jan, Kai, Glenn, Jim, Ken. Når vi ser på topplista for gutar i 2020, finn vi ikkje eit einaste einstavingsnamn blant dei 50 mest vanlege gutenamna. Til samanlikning var det heile åtte einstavingsnamn blant dei 20 vanlegaste namna i perioden 1925–29: Odd, Jo(h)n, Per, Leif, Rolf, Kjell, Knut, Hans. Det kunne vera nærliggande å sjå desse namna i samanheng med funksjonalismen, ei moteretning innafor arkitekturen som byrja i mellomkrigstida. Denne moten gjekk bl.a. ut på å kutte ut unødvendig pynt på husa. Eit jentenamn som Aud kan illustrere kontrasten til ”krinolinenamn” på 1800-talet som Leopoldine og Simonette. I topplista for gutenamn i 2020 (tabell 2) finn vi ikkje eit einaste namn med berre éi staving. Dei fleste har to stavingar, men somme har også tre: Oliver, Teodor, Johannes og Mathias.

Hilda og Hilde – "a-mote" og "e-mote" i kvinnenamn
Eg har nemnt at ulike kulturimpulsar kan ligga til grunn for namnemotane, t.d. nasjon­alromantikken som bakgrunn for den nordiske namnerenessansen. På tvers av slike kulturimpulsar kan det påvisas bestemte strukturelle motemønster. Slike mønster er lettast å påvise for kvinnenamna, bl.a. for tostava namn med utlyd på -a og -e, t.d. Hilda og Hilde. Tidleg på 1900-talet har vi ein "a-mote" da namn som Hilda, Laura, Lina, Magda, Minda, Ragna og Olga er populære. Når vi så kjem lenger ut på 1900-talet, tek "e-moten" over, t.d. Grete, Tove og Wenche. Særleg vanlege blir dei frå omtrent midten av hundreåret, t.d. Bente, Hanne, Hege, Helle, Hilde, Jane, Janne, June, Lene, Line, Mette, Stine, Tone, Tonje, Trine, Trude. Men litt seinare er det duka for ei ny "a-bølgje", men da med heilt andre namn enn dei som dominerte tidleg på 1900-talet, t.d. Anja, Ina, Lena, Linda, Nina, Pia, Tanja, Tina. Både utanlandske og nordiske namn kan inngå i same strukturtype, t.d. June, Grete, WencheTove, Hege, Tone.

Kvifor går namnepopulariteten i bølgjer?
Når vi studerer namnekurver, vil vi oppdaga at det vanlege mønsteret er at namnepopulariteten går i bølgjer. Såleis får Hege ei bratt stigning i 1960-åra, deretter ein topp i 1970-åra før det går fort nedoverbakke i 1980-åra. Viss mange namn følgjer same kurvemønster inspirert av spesielle kulturimpulsar i samtida, talar vi gjerne om ein namnemote, t.d. den nordiske namnerenessansen som kan knytas til nasjonalromantikken på 1800-talet. Men i mange tilfelle kan ikkje namnepopulariteten forklaras som utslag av ein namnemote. Når namnekurvene går så mykje opp og ned, heng nok dette saman med at foreldra gjerne vil unngå namn frå sin eigen generasjon. I 1990-åra var det mange mødrer som heitte Hege, men det var svært få av døtrene deira som fekk dette namnet i det tiåret. Namna bør altså verke nye og originale om dei skal ha appell til foreldra. Eit utslag av dette ser vi i Liam. I 2020 var det 308 gutar som fekk dette namnet, mens det i perioden 1900–1975 berre var 1 mann som hadde dette namnet.

Nå treng ikkje namna vera så å seia ubrukte i tidlegare tider for at dei skal ha appell til foreldra. Dette ser vi bl.a. i Karoline som var mykje brukt i 1880-åra, og som steig til nesten gamle høgder i 1990-åra da det var 1,3 % av jentene som hadde dette namnet. I mellomtida var Karoline lite brukt, særleg midt på 1900-talet. På dette tidspunktet verka truleg ikkje namnet spesielt attraktivt for foreldre – kanskje fordi namnet da vart assosiert med gamle koner i 80-årsalderen? Dei fleste av dei få som heitte Karoline i 1960-åra, var jo fødd i 1880-åra. Det er særleg for nokre kvinnenamn at vi kan registrere slike "100-årsbølgjer" for namnepopulariteten, dvs. ca. 100 år mellom popularitetstoppane. Nokre namneforskarar vil i slike tilfelle bruke termen oldemorsnamn, ev. tippoldemorsnamn. Vi kan altså spore ein tendens til at foreldre i dei seinare åra har gått tilbake til namn på oldeforeldre eller tippoldeforeldre når dei har gitt namn til barna sine. Dette kan i og for seg kallast ein mote. Dette står da i motsetning til den strenge oppkallingsskikken i det gamle bondesamfunnet da barna fyrst skulle kallast opp etter dei fire besteforeldra før det kunne komma på tale å bruke andre namn på barna.

 

© Gulbrand Alhaug