Namn og Nemne

Namn og Nemne, tidsskrift for norsk namnegransking, vert gjeve ut ein gong i året av Norsk namnelag. Medlemer av Norsk namnelag får tidsskriftet fritt tilsendt. Redaktørar er Ole-Jørgen Johannessen, emeritus Universitetet i Bergen; Gudlaug Nedrelid, Universitetet i Agder; Vidar Haslum, Universitetet i Agder; Tom Schmidt, Universitetet i Oslo.

Manuskript, bøker til melding og førespurnader til Ole-Jørgen Johannessen, Universitetet i Bergen, LLE Postboks 7805, N-5020 BERGEN. Send e-post.

I Namn og Nemne vert det publisert namneartiklar av ulikt slag, både vitskaplege artiklar og artiklar av meir populærvitskapleg karakter. Her er artiklar om einskilde namneklassar, namnetolkingar, namngjeving, normering av namn, namneteoretiske spørsmål, etymologiske problemstillingar, busetjingshistorie og namn, namn og kulturhistorie osb. I tidsskriftet finst det også namnefaglege diskusjonar og kommentarar til aktuelle namnespørsmål. Kvart hefte har òg meldingar av viktig norsk og nordisk namnelitteratur. Med jamne mellomrom kjem tidsskriftet med register over namn og namnelekkar som har vore omtala i tidlegare hefte, og hefta kan såleis nyttast til oppslag o.l.

Tidlegare hefte kan ein kjøpa ved å venda seg til NOVUS forlag, sjå HER.

Innhaldsliste i årgangar før 2002 og dei to siste årgangane

1984 1985 1986 1987
1988 1989 1990 1991
1992-93 1994 1995 1996
1997 1998 1999 2000
2001   2015 2016
       
       

Heile årgangar er lagde ut her

2002 2003-04 2005 2006
2007 2008 2009 2010
2011 2012 2013 2014